eBoks tekstsamling

Villemann og Magnill

I
Villemann og hass møy så prud
dei leika gulltavl i hennar bur.
– Så lifleg leika Villemann for si skjøn jomfru.

Kvòr gong gullterningjen rann omkring,
så rann det ei tår på Magnills kinn.

«Græt'e du åker, ell græt'e du eng,
ell græt'e du det at du sov i mi seng?

Græt'e du gull, ell græt'e du jord,
ell græt'e du det at du sat ved mitt bord?»

«Eg græt inkje åker, eg græt inkje eng,
eg græt inkje det at eg sov i di seng.

Eg græt inkje gull, eg græt inkje jord,
eg græt alli det at eg sat ved ditt bord.

Eg græt'e meir fyr mitt kvite hold,
at det må kje koma i svartan mold.

Eg græt'e mest fyr mitt gule hår,
at det skò ljote rotne i Vendels å.

Eg græt'e så mykje fyr Blide-bru,
der sokk til bonns mine systar tvo.»

«Magnill, Magnill, still din gråt:
eg skò byggje bru ivi Vendels å.

Eg skò byggje brui så håg og så ny
og setje derunde stolpar av bly.

Eg skò byggje brui så sterk og så håg
og setje derunde stolpar av stål.

Og alle mine sveinar skò ride i rad -
eg vaktar deg nok for det kalde bad.»

«Å du må byggje, om du vil, unde sky:
det kan ingjen ifrå si folloga fly!

Du må byggje av bly, du må byggje av stål:
det kan ingjen si folloga fly ifrå!»

II
Villemann let si ferd i rekkje,
Fir' og tjuge fyre og fir' og tjuge etter.

Då dei kom midtepå håge bru,
då snåva hennar gangar i raude gullsko.

Gangaren snåva i raude gullsaum,
og jomfruva raut åt stride straum.

Stolt Magnill slo opp med kvite hand:
«Å Villemann, Villemann! hjelp meg i land!»

Villemann tala til smådrengjen sin:
«Du hentar meg horpa i raude gullskrin!»

Fram kom horpa, så vent ho let -
alt sat Villemann, sårt han gret.

Villemann gjeng'e for straumen å stå,
meistarleg kunne han gullhorpa slå.

Han leika med lempe, han leika med list:
fuglen dåna på ville kvist.

Han leika med lempe, han leika med gny:
det gjallar i berg, og det rungar i sky.

Villemann leika så lang ein leik:
då rivna borkjen av or og eik.

Han leika av topp, han leika av tre,
han leika honni av kvike fe.

Han leika med vreide og leika med harm,
han leika Magnill av nykkjens arm.

«Der hev du den eine, der hev du dei tvo,
lat meg no hava mitt vatn i ro.»

«Velkomi den fysste, velkomne dei tvo!
men alli skò du hava ditt vatn i ro!»

Villemann leika og horpa skein,
nykkjen han sprakk i hardan stein.

Dei fyss'e ordi som Magnill tala:
«Sæl er den mo'er slik son må hava!

Sæl er den mo'er slik son'e å,
endå sælar den honom må få!»
– Så lifleg leika Villemann for si skjøn jomfru.